SØK ETTER ARRANGEMENTER

Velkommen til ein festkveld der den store operakunsten møter det nære og uformelle – med storslått utsikt og noko godt i glaset! Mezzosopran Isa Katharina Gericke inviterer til festspelpub i foajeen til Geirangersalen på Hotel Union, saman med dei strålande musikarane i Operaen i Kristiansund sin strykekvintett.




Ragnhild Hemsing (fiolin og hardingfele) opnar dørene til heimen sin i Aurdal og den nyrestaurerte Ballsalen i Sorenskrivargarden frå 1800-talet – ei historisk og stemningsfull ramme for ei heilt spesiell musikkoppleving.



Katrine Sele i samtale med Sissel Gran om dating i vaksen alder

Sigrid Moldestad rundar av Festspela i Geiranger 2025 med ei heilt spesiell og nær akustisk soloframsyning – midt i det storslåtte kulturlandskapet på Westerås gard. Med seg har ho slåttar, songar, poesi og personlege historier frå bokplata Breim, som kom ut hausten 2023.